
Nina Fjeldet er ei kvinne i sin beste alder. Saman med fela reiser ho gjennom livet og møter folk og historier langs vegen. I forteljarkonserten «Ômvesla» tek ho publikum med på ei reise frå Gudbrandsdalen til Indre Troms, via Palmehaven i Trondheim, konsentrasjonsleiren Auschwitz, og langs landevegen med romanifolket. På vegen møtes fridom og forfølgelse, framskritt og fattigdom, felespel og forteljarglede. Og som ein raud tråd står folket midt i verda og gjer så godt dei kan. Nina har arbeidd i folkemusikken- og folkedansens teneste i to tiår, dei siste 10 åra med base i Målselv. Ho formidlar gjerne til barn og unge, elskar å spele til dans, har turnert med dansekompaniet Kartellet, familieframsyninga «Danse, sa fela!», «Landslaget for spelemenn» og meir.
Ômvesla er hennes fyrste soloframsyning – produsert av Riksscenen, med støtta frå Norsk Kulturråd.
Billettpris 200 kr, kjøpes i døra.